Vinter i
Hardanger
Hardangerregionen har ein typisk vestlandsvinter med mykje nedbør, som gjev snørike vintrar i fjellet. Om vinteren kan også fjordbygdene få periodar med mykje snø. Snøtilhøva i fjellet legg til rette for ein lang sesong med ski- og trugeturar og mange vakre vinterlandskap.
KOMANDE TURAR
VINTERAKTIVITETER
RIB-SAFARI
Me tilbyr RIB-turar både som daglege ruteavgangar frå basen vår i Norheimsund og som private turar for små grupper på førespurnad frå ulike hamner og hotell langs Hardangerfjorden.
FJORD FLOATING
Våre Fjord Floating-opplevingar vert tilbydde både som faste avgangar frå basen vår i Norheimsund og som private turar for små grupper på førespurnad.
TRUGETUR
Våre guida trugeturar går hovudsakleg i området kring Norheimsund og Øystese. Me tilbyr private og tilpassa turar i skogen, langs fjellvatn eller utsiktspunkt over fjorden.
TOPPTUR PÅ SKI
Dei guida randonée-skiturane er for private grupper og blir hovudsakleg gjennomførte i mindre del av Hardangerfjorden der ein finn sikre toppturar med flott utsyn over fjorden.






