Oppdag skjulte perler i Hardanger
Opplev Hardangerfjorden – "Dronninga av dei norske fjordane"
– gjennom fartsfylte RIB-safari og guida opplevingar. Gli forbi stupbratte fjellsider, brusande fossar og lune viker medan du tek inn spektakulære utsyn. Kvar årstid – frå fargesprakande vårbløming til roleg vinterlandskap – opnar for nye opplevingar i langs den flotte Hardangerfjorden.
KOMANDE TURAR MED LEDIG PLASS
(neste 10 dagar)
FINN AKTIVITETER
Med Hardangerfjord Adventure er ein RIB-tur den perfekte måten å kjenne på rå kraft og vakker natur langs fjorden. Sus forbi stupbratte fjellsider, kjenn vasspruten frå brusande fossar, og hald utkikk etter niser eller ørner undervegs. Vil du ha eit rolegare tempo, kan du bli med på guida fotturar langs naturskjøne stiar med flott utsyn over Hardangerfjorden, samstundes som du lærer om den rike historia til Hardanger. Når vinteren kjem, kan du utforske snødekka terreng på guida trugetur eller topptur, og oppdage skjultee perler under trygg rettleiing. Uansett kva du vel, lovar me ei uforgløymeleg oppleving i Hardanger.
HER FINN DU OSS
Vår base i Øystese er utgangspunktet for dei fleste av fotturane, trugeturane og toppturane våre. Me tilbyr òg RIB-turar frå tettstadane Ulvik, Norheimsund og Øystese, som alle ligg flott til ved fjorden. Frå Bergen er det enkelt å ta seg til Øystese og Norheimsund, og køyreturen i seg sjølv er ei oppleving – forbi fossar, fjell og sjarmerande bygder – ein perfekt forsmak på det som ventar.
Når du kjem fram, står erfarne guidane våre klare til å ta imot deg, slik at du får alt du treng for å få mest mogleg ut av Hardangerfjord-opplevinga di.
Utforsk stiar langs fjorden, bestig panoramafjell, eller sus avgarde på ein adrenalinfylt RIB-safari – valet er ditt. Bestill no, og la Hardangerfjord Adventure gi deg ei oppleving av det ekte Hardanger.
Anmeldelser and utmerkelser
Me set stor pris på gode tilbakemeldingar frå gjestene våre og utmerkingar frå reiselivsnæringa. Det gir oss eit viktig innblikk i korleis me lukkast med å tilby opplevingar i Hardanger som er både trygge, lærerike og naturnære.
Mange trekk fram våre RIB-turar frå Norheimsund, Øystese og Ulvik med lokal guide som høgdepunkt. Me får ros for formidling av lokal historie og evna til å skape nærkontakt med fjordlandskapet. Slike tilbakemeldingar gir oss inspirasjon til å utvikle nye turar og aktivitetar – og til å halde fram med å dele Hardangerfjordens unike natur og kultur med reisande frå Noreg og resten av verda.
Nedanfor kan du sjå nokre av dei siste anmeldingane og utmerkingane våre. Kanskje finn du ut kvifor både familiar, naturglade og eventyrlystne vel Hardangerfjord Adventure når dei vil utforske vestlandsfjordane på ein ekte og tilgjengeleg måte.
Unique Tour Company
Utmerkelse som et unikt aktivitetsselskap av Travel and Hospitality Awards i 2024