Om oss
Om oss
Starten
Hardangerfjord Adventure AS vart etablert hausten 2018 av hovudsakleg eigarar frå reiselivsnæringa i kommunane Ullensvang (tidlegare Jondal) og Kvam i Hardanger.
Mellom eigarane finn vi Kramsjø B&B i Herand, Hardanger House i Jondal, Hardingasete på Ljones, Thon Hotel Sandven i Norheimsund, Hardangerfjord Hotel i Øystese og Hardanger Aqua Centre i Øystese/Steinstø.

Prosjektet
Hardangerfjord Adventure byrja som ein idé om å tilby fleire opplevingar for besøkande i midtre del av Hardangerfjorden.
Den første strategien vår var å tilby fjordsafariar på Hardangerfjorden med RIB-båtar (Rigid Inflatable Boats).
Frå starten har vi, i samarbeid med eigarane, utvikla fleire kombinerte produkt og ferdige dagspakkar. I dag tilbyr vi fjordsafariar, guida fotturar, toppturar på ski og pakkeløysingar saman med fleire pålitelege samarbeidspartnarar.
Gjennom desse samarbeida skreddarsyr vi både halvdagsturar, heildagsturar og flerdagarsturar med aktivitetar, overnatting, måltid og transport. I dag legg vi opp turar for turistgrupper, bedrifter og insentivgrupper som vil oppleva Hardangerfjorden.
Utviding
I 2023 utvida vi med ein sommarbase i Ulvik kommune. No tilbyr vi RIB-turar året rundt med to båtar.
Samtidig kom fleire nye eigarar med i selskapet, som Brakanes Hotel, Hardanger Gjestehus, Frukt- og siderruta i Ulvik, Eidfjord hotel og Vøringsfoss Hotel i Eidfjord.

Lokale guidar og levande forteljingar
Guidane våre er meir enn dyktige båtførarar – dei er formidlarar og ekte ambassadørar for Hardangerfjorden. For oss er ikkje fjorden berre ein stad, men ein del av kvardagen og identiteten vår. Det er noko du må vera her for å kjenna på, og guidane våre er her for å dela denne kjensla med deg.
Med røter i lokalsamfunnet og ei ekte kjærleik til fjord, fjell og folk, gjer guidane våre kvar tur personleg og minneverdig. Dei kjenner historia, naturen og livet langs fjorden – frå gamle handelsvegar og frukttradisjonar til brear, fossefall og det skiftande fjordvêret. Når dei fortel om landskapet du køyrer gjennom, skjer det med engasjement, innsikt og respekt for naturen rundt oss.
Det som verkeleg skil guidane våre ut, er den personlege tilknytinga til Hardangerfjorden. Dei veit kvar sola kjem fram fyrst, kvifor fjorden endrar seg frå dag til dag, og kva historier som framleis lever i strandkanten. Enten det er i høg fart over fjorden eller i rolege augneblink med motoren på tomgang, ønskjer guidane våre å gje deg meir enn ei oppleving – dei vil gje deg ei djupare forståing av Hardangerfjorden som du tek med deg heim.





