Privat RIB-charter Hardangerfjorden

Opplev Hardangerfjord saman med di gruppe I ditt eiga tempo på RIB-tur der de har heile båten for dykk sjølve, leige per time frå alle hamnar langs fjorden.

RIB-tur til fossefall langs fjordarmen Fyksesund

Om turen

Ein privat RIB-tur på Hardangerfjorden gir dykk høve til å oppleva fjorden akkurat slik de ønskjer – utan faste ruter, tidsskjema eller andre gjester. Dette er eit ideelt val for bedrifter på tur, lag og foreiningar, familiefeiringar, vennegjengar og par eller familiar som ønskjer ei eksklusiv og personleg oppleving på fjorden.


De disponerer eigen RIB-båt med erfaren, lokal båtførar som kjenner Hardangerfjorden i detalj. Turen vert planlagd i dialog med dykk, og vi tilpassar både tempo, innhald og varigheit etter ønskje og behov. Nokre vil ha fart og spenning, andre ønskjer ein roleg og naturnær tur med god tid til foto, stopp og opplevingar undervegs – hjå oss er det dykk som bestem.


Charterturane kan til dømes kombinerast med:

  • sosiale bedriftsarrangement og teambuilding
  • jubileum, bursdagar og familiefeiringar
  • turar for lag, foreiningar og vennegjengar
  • romantiske turar for par
  • private opplevingar for familiar som ønskjer noko heilt eige


Populære ønskje er turar inn i det dramatiske Fyksesundet, stopp ved fossar og naturskjøne plassar, eller ei samanhengande fjordoppleving som bind saman fleire bygder og fjordarmar. Samstundes står de fritt til å føreslå eigne idéar – vi skreddarsyr kvar einaste tur.

Praktisk informasjon

Turane vert gjennomførte med moderne og solide RIB-båtar av same type som vi nyttar på våre ordinære fjordsafariar. Båtane er stabile, raske og godt eigna for bruk heile året. Dei har komfortable salseter i to rekkjer og plass til inntil 12 personar per båt.


Alle turar vert leia av erfarne båtførarar med høgt fokus på tryggleik, gode opplevingar og lokal formidling.


Dette er inkludert

  • Privat RIB-båt med erfaren skipper/guide
  • Drivstoff og naudsynt tryggleiksutstyr
  • Vindtett flytedrakt (barn 128–164 cm, vaksne XS–XXL)
  • Redningsvest, briller, neoprenhanskar og lue


Påkledning

RIB er open båt, og rett påkledning er viktig for komfort. Kle dykk etter veret, med lag under drakta. Sjølv om sommaren kan det vera kjøleg i fjordvinden ved fart. I kjøligare periodar tilrår vi ull eller superundertøy, mellomlag av ull eller fleece og varme sokkar. Vassavvisande sko eller støvlar eignar seg godt året rundt.


Viktig informasjon

Turen vert ikkje tilrådd for personar med alvorlege ryggplager eller for gravide over 3 månader.

Prisar

Første time: kr 10 000
Frå og med time to: kr 7 500

(Chartertida vert rekna frå båten forlèt basen.)


Avgang frå andre stader enn våre faste basar kan medføra ekstra transporttid og kostnad. Ta kontakt for eit skreddarsydd pristilbod.


Driftstider

Alle timer i dagslys


Årstid

Heile året


Avganger

Frå eventuelle hamnar og hotell langs Hardangerfjorden


Kapasitet

Inntil 12 personar per båt.
Vi har tre eigne RIB-båtar og kan ta grupper på opptil 36 personar, fordelte på fleire båtar. Ved behov kan fleire båtar stillast gjennom samarbeidspartnarar.


Aldersgrense

4 år (barn må passa tryggleiksutstyret)

Denne charteropplevinga er tilgjengeleg på førespurnad.
Ta gjerne
kontakt med oss, eller bruk skjemaet for å planleggja dykkar private fjordoppleving.

Kanskje du også er interessert i...