Hardangerfjord & Fyksesund RIB-safari i lågsesongen

Opplev Hardangerfjorden i den rolege årstida. Frå haustfargar og rennande fossar til vinterlys og dei første vårteikna.

Oktober–april · Små grupper · Lokal kaptein og guide · Utstyr inkludert · Opptil 12 gjester · Dagstur frå Bergenn

Bestill direkte hjå den lokale arrangøren

Når du bestiller her, bestiller du direkte hjå Hardangerfjord Adventure – me som gjennomfører turen. Me hjelper deg gjerne med spørsmål om klede, vêr, transport og private avgangar.

Varigheit

75 minutt

Vanskegrad

Lett

Prisar frå

Kr. 1025

Aldergrense

Frå 5 år

Sesong

Oktober-april

Om turen – Hardangerfjorden i lågsesongen

Frå oktober til april endrar fjorden karakter. Haustregnet gir liv til fossane, vinteren kan leggja snø på fjelltoppane, og utover våren kjem lyset og fargane tilbake. Dette er ei tid for å oppleva Hardanger med færre besøkande og meir rom til å ta inn landskapet.


Me startar i Norheimsund og følgjer Hardangerfjorden mot Fyksesund. Innover i den smale fjordarmen reiser fjellsidene seg bratt frå sjøen. Her vekslar turen mellom etappar med fart og guida stopp der du får tid til å sjå deg rundt, ta bilete og høyra forteljingar om naturen og livet langs fjorden.


Når tilhøva tillèt det, går me heilt inn mot Botnen, den veglause grenda inst i Fyksesund. Me stoppar på sjøen utanfor grenda, der kapteinen fortel om ein stad der fjorden lenge var den viktigaste ferdselsåra.


Dette er lågsesongutgåva av RIB-safarien vår frå Norheimsund, med same planlagde rute som heilårsturen. Opplevinga varierer med årstid og vêr: Nokre dagar byr på speglingar i fjorden, andre på skyer mellom fjellsidene, kraftige fossar eller isformasjonar.


Snø og tilfrosne fossar er ikkje garantert. Kapteinen tilpassar fart og rute til tilhøva, og is kan avgrensa kor langt inn i Fyksesund me kan gå.

Prisar

Vaksen/Ungdom: Kr. 1 025

Born (5-11 år): Kr. 745


Privat tur: Kr.  10 750 for opp til 12 personer


Avreisested

Norheimsund


Møstestad:

Resepsjon/lobby på Thon Hotel Sandven 20 minutt før avgang (Kaien 28, 5600 Norheimsund)


Starttider

Sjå bestillingskalenderen for datoar, avgangstider og ledige plassar.


Detaljar varigheit

Båtturen varer vanlegvis 75 minutt. Rekn om lag 105 minutt totalt, inkludert oppmøte og avkleding etter turen. Ved enkelte vintertilhøve kan båtturen ta opptil 90 minutt, slik at total tidsbruk vert om lag to timar.


Guiding

Norsk og engelsk

Praktisk informasjon

Enkel dagstur frå Bergen

Kvifor velje denne turen?

  • Opplev fjordlandskapet i ei rolegare tid av året.
  • Sjå korleis haustregn, vinterkulde og vårlys endrar Fyksesund.
  • Kom tett på fossefall og 1000 meter høge fjellsider
  • Lær om lokal historie, kultur og livet langs Hardangerfjorden og fjordarmene frå ein lokal guide.


Kven passar turen for?

  • Familiar
  • Vener
  • Par
  • Mindre grupper
  • Utdrikningslag
  • Reisande på dagstur frå Bergen

Ønskjer de ein privat tur? Bestill heile båten til familien, venegjengen eller ei mindre gruppe.

Anbefalt tillegg: Kombiner med fjord floating

Gjer meir ut av dagen med RIB-safari og fjord floating, tilgjengeleg som pakke frå oktober til april.


Først opplever du Hardangerfjorden og Fyksesund frå RIB-båten. Etterpå har du tid til lunsj, kaffi eller ein rusletur før du møter guiden for floating i Norheimsund. Med ei isolert overlevingsdrakt flyt du i fjorden og opplever landskapet frå vassflata.


Aktivitetane vert gjennomførte kvar for seg. Fjord floating er ikkje inkludert i den vanlege RIB-billetten.


Pakken har aldersgrense 13 år. Deltakarar på floating må vera 150–210 cm høge og vega maksimalt 120 kg. Sjå pakkesida for alle deltakarkrav.

Vanlege spørsmål - FAQ

1. Kan eg dra på RIB-tur i Hardanger om vinteren?

2. Er dette same turen som RIB-safarien frå Norheimsund om sommaren?

3. Startar turen i Bergen?

4. Kor lenge varer turen?

5. Vert eg kald eller våt?

6. Er det alltid snø og tilfrosne fossar?

7. Kva skjer dersom vêret vert for dårleg?

8. Må eg bestilla på førehand?

9. Kan barn vera med?

10. Kan eg bestilla RIB og fjord floating på same dag?

Kanskje du også er interessert i...