Hardanger Powerboat – Opp til 75 knop
For deg som elskar fart og rå kraft i storslått fjordlandskap

Gled deg til ein av dei råaste opplevingane i ein norsk fjord – opptil 75 knop gjennom på den majestetiske Hardangerfjorden og inn i fjordarmen Fyksesund! Dette er ikkje ein vanleg fjordtur – det er rein kraft, fart og presisjon.
Vi køyrer ut frå Norheimsund i ein dieselkatamaran spesialbygd for fart og stabilitet. To voldsame motorar drar oss opp i nær 140 km/t, medan landskapet rundt deg glir forbi: fossefall, fjell og fjordbygder – sett frå cockpit med rekkverk i aluminium og spesialdesigna sete i racingstil. Innerst i Fyksesund stoppar me ved den veglause grenda Botnen der guiden deler interessante fakta og gode historiar.
Denne turen er ei eksklusiv opplevingar skapt for deg som kjenner att lyden av ekte motorlyd, som vil kjenna vinden presse mot kroppen, og som ikkje treng kaffe for å vakna.
Tilbys berre som privattur for opptil 5 personar!
Praktisk informasjon
Båturen vert leia av to erfarne, lokale båtførarar som prioriterer både tryggleik og moro. Dei sørgjer for ei sikker, komfortabel og spennande oppleving – sjølv i høg fart.
I ein open båt får du verkeleg kjenne naturkreftene på kroppen. Difor er det viktig å kle seg etter forholda, slik at du får ei behageleg og positiv oppleving.
Inkludert i turen:
- Redningsvest
- Vernebriller (goggles)
- Hørselsvern
Anbefalt bekledning:
- Vindtett jakke
- Heldekkande klede (lange ermer og bukser)
- Solbriller
Pris
NOK 9,500
Varigheit
45 minutter
Driftstider
Alle timer i dagslys
Sesong
Juli og august
Avganger
Frå Øystese or Norheimsund
Kapasitet
5 personer
Aldersgrense
12 år