Topptur i Hardanger

Hardanger er området som omkranser Hardangerfjorden og starter ytterst i vest med kommunen Kvam. Hardanger har typisk vestlandsvinter med mykje nedbør som gir snørike vintre i fjellet, noko som gir ein lang og flott skisesong med mange spanande toppturar med flott utsikt. Hardanger sitt flotte landskap ynder til variert og artig skikjøring. 



Guida topptur

Fjella i Kvam er lett tilgjengeleg og tilbyr flott utsyn over fjorden og isbreen Folgefonna. Rundt tettstadane Øystese, Norheimsund og Tørvikbygd ligg fleire toppar som er populære blant lokale skikøyrarar, og i sesong tilbyr Hardangerfjord Adventure guida toppturarar på forespurnad med lokalkjende og dyktige guidar til topper for både dei erfarne og mindre erfarne. Kvar gruppe får skreddarsydd si tur etter ønskjer, ferdigheiter, behov og dagsaktuelle høve teke omsyn til snø og skredfare.


Typiske toppar me har som turmål er Tveitakvitingen, Byrkjefjell, Geitafjell, Torefjell, Vesoldo/Tørvikanuten, Skrott og Fagraseteggi.


Me tilbyr også guida turer i andre deler av Hardanger saman med lokale guidar til dei meir kjende og skjulte regionale toppane Oksen, Onen og Gygrastolen.

Les meir

Ferdigpakka toppturweekend

Ønsker du ein heil helg med variert skikøyring frå fjell til fjord i vakkert fjordlandskap, kan du bli med på vår ferdigpakka toppturhelg i 14-17. mars. Denne helga inkluderer 3 dagar med guida topptur, 3 netter på hotell ved fjorden, deilig lokal mat, sidersmaking, RIB-tur og transport mellom alle aktiviteter.


Bli med på ein helg med morosam skikjøring med lokal mat og drikke i godt selskap!


Utstyr

På våre turer kan du bruke enten randonèeski, telemarkski eller splitboard saman med skistøvlar med gå-funksjon, feller og justerbare staver.


Av sikkerheitsmessige grunner er det også påbudt å bruke hjelm og ha med skredutstyr (3 antennes skredsøker, snøspade og søkestang).


Me leiger ut både randonèe skipakke og skredutstyr. Det anbefalast å bestille dette ved bestilling av turen då me har avgrensa med utstyr til leige.


Interessert i ein skreddarsydd tur for gruppa di? Me er her for å hjelpe!

Me skreddarsyr fleire dager med guida toppturar, transport, måltid og overnatting. Fortell oss kva de ønskjer, så skal me gjere vårt beste for å hjelpe.

Kontakt oss
Share by: