Fyksesund fjordsafari med guida fottur til utsiktpunkt (privat)

4 timer

Lett

Opplev magiske Fyksesund og den veglause grenda Botnen gjennom privat RIB safari og fottur til ein skjult perle av eit utsiktspunkt.

Turen går først ut på hovudfjorden før vi køyrer inn i fjordarmen Fyksesund - den smaleste delen av Hardangerfjorden. Inne i Fyksesund vil du bli omgjeve av bratte 1000 meter høge fjell der kapteinen og guiden vil stoppe fleire plassar for å la dette unike fjordlandskapet synke inn, og for å gi deg fascinerende fakta om fjorden og dei menneska som pleide å bu her.

Fyksesund er også eit flott stad med utallege fossefall som vi køyrer heilt oppti og du vil kjenne fossesprøyten på nært hald. I enden av fjordarmen går vi i land i det veglause og autentiske kulturlandskapet i grenda Botnen - eit geografisk avstengt lokalsamfunn med historisk vid kulturkontakt til omverda.

På Botnen går viigjennom eit fantastisk kulturlandskap det har budd folk dei siste 400 åra på veg til eit lokalt utsiktspunkt: På vegen får du innsikt  i korleis folk livnært seg her inne og viktig historie frå plassen.

Etter 2 km på grusveg og tursti kjem vi fram til utsiktspunktet "Furehaugen" 180 meter over havet der du kan nyte utdyper over det majestetiske fjordlandskapet i Fyksesund og grenda Botnen. Plassen er virkelig ei skjult perle som for det berre er vitja folk med tilknytning til Botnen. Her gjeld da å ha kameraet klart!

Vel nede ved fjorden igjen går ombord i vår RIB (Rigid Inflatable Boat) og køyrer tilbake gjennom fantastisk fjordlandskap. Denne turen er ein magisk og interessant oppleving for alle - eit eventyr i nokre det vakreste fjordlandskapet i Noreg. Ta med deg familien, vennegjengen eller gode kollegaer til ei virkelig skjult perle i de norske fjorder!

Sesong: 1. april – 31. oktober

Endring/avbestilling: Fri endring eller kansellering inntil 7 dagar før bestilt tur

Vær oppmerksom på
    Hva er inkludert?

      Redningsvest, flytedrakt, beskyttelsesbriller og hansker.

      Våre flytedrakter er i barnestørrelser 8-14 år og unisexstørrelser xs-xxl.

      Ekskluderinger
      • Mat og drikke
      Hva skal man ta med
        Bekledning og utstyr
        • Shorts og t-skjorte hvis det er meldt varmt vær
        • Tynn vindjakke og turbukse (med god fukttransport)
        • Langermet trøye  (ull/kunstfiber) + ekstra skift
        • Ullgenser/fleecejakke eller tynn dunjakke
        • Regntøy (ved fare for regn)
        • Lue/hodebånd og buff
        • Fjellstøvler eller hikingsko
        • Varme sokker
        • Solbriller og solkrem
        • Mat/godteri for dagen og drikkeflaske (ev. termos til varmt drikke)
        • Minde ryggsekk med passe volum til innhold
        Share by: