Dagstur til fjordbygdene Norheimsund og Øystese (privat)

6 timer og 15 minutter

Lett

Opplev stolte Hardanger-tradisjonar saman med noko av det vakraste Noreg har å by på av natur.

Denne sommaren har fleire aktørar i Norheimsund og Øystese, berre litt over 1 time frå Bergen med buss og bil, gått saman og laga eit ferdigpakka dagsprogram få andre kan skilta med. Det betyr at du får sjå, smaka og oppleva det beste frå fleire verdenar på éin og same dag, og det på ein svært enkel måte!


Dagsturen, som går rundt i dei flotte fjordbygdene Norheimsund og Øystese, inkluderer fylgjande:

  • Sidersmaking og lunsj hjå prisvinnande Spildegarden
  • Guida omvising på Hardanger Akvasenter (Akvakultur) og Hardanger Fartøyvernsenter (trebåtbygging og maritimt museum)
  • RIB-tur på Hardangerfjorden med guide til den spektakulære fjordarmen Fyksesund (kun tilgjengeleg med båt)
  • Steinsdalsfossen – blant dei mest spektakulære fossane i heile Noreg.
  • Transport til og frå dei ulike aktivitetane og attraksjonane


Dagsturen har eit fokus på lokal mat og drikke, kulturhistorie, fossar og sjølve Hardangerfjorden. Sjølve opplegget strekk seg over 6 timar 15 minutt og er tilgjengeleg måndag til laurdag..

Du kan verta med på turen både frå Hardangerfjord Hotel i Øystese, Thon Hotel Sandven i Norheimsund, eller via rutebuss 925 frå Bergen til Norheimsund. Dagsprogrammet er lagt opp til å korrespondera med buss frå og til Bergen.


Sesong: 1. april  – 30. september


Avgang

Dagen startar ved Hardanger Fartøyvernsenter. Frå Thon hotel eller busshaldeplassen er det 600 meter å gå langs strandpromenaden som startar rett ved hotellet/busshaldeplassen. Det er mogleg å tinga henting frå Hardangerfjord Hotel i Øystese. Då vert du levert direkte ved Hardanger Fartøyvernsenter.


Hardanger Fartøyvernsenter

Under omvisinga på Hardanger Fartøyvernsenter kan du høyra lyden av handverkarar i arbeid, lukta friske materialar, tjære, tau og glødande smijarn. Du får inn historia “då sjøen var vegen”. Det maritime museet vert av mange rekna som blant dei beste i heile Norden!


Steinsdalsfossen

Vidare går turen i minibuss/minivan til spektakulære Steinsdalsfossen. Her kan du nemleg gå på baksida utan å verta våt. Vegen fortset inn bak fossen og til eit utkikkspunktet på andre sida -  med nydeleg utsikt mot Norheimsund og over heile Steinsdalen. Fossen, med sitt 50 meter høge fall, er blant dei mest populære attraksjonane i heile Noreg.


Hardanger Akvasenter

Frå Steinsdalsfossen går ferda vidare i minibuss/minivan til Øystese og utstillinga til Hardanger Akvasenter - eit visningssenter for havbruk. Du vil få ein guida omvising i den interaktive utstillinga «Det er her me bur». Veldig engasjerande både for born og vaksne!


Fjordsafari med RIB - Hardangerfjord Adventure

Vegg i vegg med akvasenteret ligg basen til Hardangerfjord Adventure som tek deg med på ein fartsfyllt RIB-båttur på Hardangerfjorden. Eit godt tips er å ha fotoapparatet klart, for her skal du nemleg innom dei vakre fjordperlene Herand, Fyksesund og Kvamsøy – fleire av dei kun tilgjengeleg med båt!


Lunsj og sidersmaking - Spildegarden

Etter RIB-turen går du 600 meter opp til Spildegarden. Familieverksemda har lange tradisjonar innan fruktproduksjon, og no satsar dei fullt og heilt på utvikling av fyrsteklasses eplemost og sider. Garden har og si eigen gardsrestuarant der du får smakt på 3 ulike sidrar og ein lett lunsj beståande spekemat, ost og husets brød.


Retur

Etter Spildegarden går dei som hadde pick-up i Øystese tilbake til sentrum. Resten vert transportert tilbake til Norheimsund med minibus/minivan. 

Vær oppmerksom på
    Hva er inkludert?
    • Inngangspris
    • Mat og drikke
    • Busspris

    All transport (minibus/minivan), guida omvising og inngang til alle attraksjonar de besøker. RIB-båttur, lunsj og sidermaking på Spildegarden er og inkludert i billetten.

    Ekskluderinger

      Bus ticket from and to Bergen.

      Hva skal man ta med

        Lunch is serverd at 14:30 so a small packed lunhc or snacks is a good idea to bring.

        Share by: