Båtransport til/frå veglause Botnen (privat)

30 minutter

Lett

Privat båttransport med RIB til eller frå veglause Botnen innst i Fyksesund som er eit fint utgangspunkt for fjellturar i Kvammafjella/Bergsdalen.

Botnen innst i Fyksesund er ein fin plass for å starte eller både lengre dagsturar eller hytte-til-hytte turen i Hardanger! 


Direkte frå Botnen når du DNT-hytter som Breidablikk, Vending, Kiellandbu eller Torfinnsheim. Vidare kan ein gå Gullhorgabu, Høgabu, Nansenbu og Rosethytta. Leis mer om dei  ulike DNT-hyttene. 


Ein kan også gå lengre dagsturar til/frå Botnen frå/til Hamlagrøosen, Hodnaberg, Fitjadalen og Porsmyr. Dagstur til spektakulære Kiellandbu er også ein minneverdig tur. Turen til Kiellandbu frå Botnen er omtalt av 71°nord fotografen Matii Bernitz som ein av dei mest spektakulære turane i Noregs land.


Sjølve Botnen kan vera verdt eit dagsbesøk i seg sjølve! Her ligg eitt av dei mest autentiske kulturlandskap i Hardanger, slik det var på slutten av 1800-tallet. Eit livskraftig lokalsamfunn var det her inne i denne veglause grenda! Her kan ein vandre innover den lokale grusvegen, gå på tur til det lokale utsiktspunktet "Furehaugen" eller berre nyte dagen på den lokale stranda.


Me syter for båt-transport med RIB til/frå Botnen gjennom den magiske fjordarmen Fyksesund.  Avreise frå/til Øystese, Norheimsund og Jondal.


Det er også mogleg å bli med ein av våre ordinære fjordsafari med faste avgangar frå Norheimsund/Øystese som går via Botnen. 


Konkrete forslag til ruter til/frå Botnen:


Sesong: 15 juni – 15 Oktober

Endring/avbestilling: Fri endring eller kansellering inntil 7 dagar før bestilt tur

Vær oppmerksom på
    • Ikke anbefalt for reisende med ryggproblemer
    • Nær offentlig transport - buss rute 925 fra Bergen og Voss (90-95 min)
    • Gratis parkering utanfor oppmøtestad
    • Ikke tilpasset rullestolbrukere
    • Anbefales ikke for gravide reisende (over 3 måneder)
    Hva er inkludert?

      Redningsvest, flytedrakt, beskyttelsesbriller og hansker.

      Våre flytedrakter er i barnestørrelser 8-14 år og unisexstørrelser xs-xxl.

      Ekskluderinger
        Share by: